WEBINAR - Smerte og mørke dagar - vi tenner lys
Synnøve Ask har i over 30 år jobba som fysioterapeut og spesialisert smertebehandlar - og undervegs opparbeidd seg brei kompetanse innan både dette fagfeltet og sprengt seg vidare til andre. For det må ein gjere når ein erfarar at alt heng saman – og skal ein gje naudsynt hjelp må ein starte der rota til alt elendet er. Ho er og oppteken av at ingen er A4 – og tilnærminga hennar er difor at alt må tilpassast den enkelte. Langvarige smerter – mentale utfordringar – fatigue; i denne sofapraten vil det vere hovedtema. Ina Sandnes er aktiv på mange frontar. Utdanna spesialpedagog, skribent, forfattar og mykje meir. Hundemamma er og ein tittel vi må ta med – for det er dette som gjer at ho og er invitert med i denne sofapraten. Ikkje fordi ho er hundemamma, men fordi ho som hundemamma prøvde å hjelpe ein av sine hundar frå eit angrep frå ein aggresiv hund. Det klarte ho, men vart sjølv bitt. Ofte kan det gå bra – men for Ina gjekk det skikkelig gale. Diverre er ho no ein av dei i Noreg med diagnosen nevropati. Mangelen på oppfølging og kompetanse gjorde at ho for nokre få år sidan var med og etablerte CRPS – Fellesskap. I denne sofapraten møter vi Ina og Synnøve, som og er nære venninner, med eit ekte og erfaringsbasert utgangspunkt for dette feltet. Send gjerne inn spørsmål i forkant, eller undervegs i webinaret.